29. mar. 2011

OKO TØFFEL

OKO TØFFEL

Det du treng til desse tøflene er 4 nøster à 50 gr Artic ullgarn
 eller ullgarn som passer til strikkefastheit 12m/10cm.
(Mørkt ullgarn blir meir tova enn lyst)

Rundpinne 7 mm (80 cm).

5 maskemarkører eller garnstumper.

Ei stoppenål og ei saks.

Ein pakke kjeks med Sjoko-ringar til glede, inspirasjon og mal for antisklien. 
Pass på at du ikkje et opp okoane før du har laga antisklien.

Ekte pusseskinn (ikkje syntetisk) og ei hulltang til å lage hol for trykknappane og rundt okoane.

Evt. trykknapper og garn til pynt, og til å sy fast okoane.


Vaskemaskin og grønnsåpe.



Før du starter for alvor, skal eg kort forklare framgangsmåten:
Sålen vert strikka i rillestrikk. Deretter fram og tilbake, glattstrikk, i det det vert plukka opp masker frå sidene av sålen og med ei felling midt oppe på tøffelen. Etterkvart vert resten av kantmaskene langs begge sidene av sålen plukka opp. Det vert strikka rettstrikk rundt i det det vert felt på forskjellige plassar. Til slutt blir masker midt oppe på tøffelen felt av og skaftet vert strikka  i rillestrikk til ønska lengd.

Rille= rett på begge sider, to pinner.

(rs) = rett side (når oppleggsgarnstumpen er på høgre side)

(vs) = vrang side

fb = strikk to masker sammen rett, men i bakre ledd.

fr = strikk to masker sammen rett.

T  = stikk høgre pinne inn i to masker som om du vil strikke dei rett sammen, men ikkje strikk dei, ta dei berre laust av. Strikk neste maske rett, og løft dei to lausemaskene over.

Fa= strikk to masker saman, heng masken over på venstre pinne igjen og strikk den saman med neste. Slik gjer du til du har felt ønska antal masker. Pass på å ikkje stramme.

km= kantmaske. Den første masken på pinnen vert strikka rett. Den siste masken på pinnen vert ikkje strikka, men tatt laust av med garnet framfor.  Som du ser på bildet blir det ein fin kant som er lett  å plukke opp masker frå.  Når du skal telle riller, kan du telle kantmasker. Ei slik kantmaske er ei rille. 


Når du skal plukke opp ei eller to kantmasker frå sålen, stikk du venstre pinne inn i begge løkkene på kantmasken slik som på bildet. Skal du plukke opp to masker, strikker du ei og ei maske slik at du får to. Skal du plukke opp ei maske, strikker du ei maske av begge desse løkkene. På rettsida strikker du dei rett og på vrangsida vrangt.
Aukinga skjer ved at du strikker to m i ei m.  Skal du auke i begynnelsen av ein omgang, strikker du kantmasken først.
Eg bruker kun ein stor rundpinne og når det blir lite masker på pinnen og det er stramt å strikke, drar  i høgre delen av pinnen slik at eg får ei løkke eller ein slakke.

Nå setter vi i gang med sålen, den skal strikkast i rillestrikk, rett på begge sider. Til størrelse Liten Dame Fot skal vi ha 37 riller:

Legg opp 5 masker og strikk en pinne rett.

Strikk ein gong fram og tilbake. Vi kan kalle det ei oppstartingsrille: 
(rs) km, 3m, km -snu- (vs) km, 3m, km (5m)

Så fortsetter vi her:
1.(rs) km, 3 r, km.                                      (vs) km, 3 r, km ( 5 m)
2.(rs) km, auk 1, 3 r, auk 1, km.                  (vs) km, 5r, km (7m)
3.(rs) km, auk 1,  5r, auk 1, km.                  (vs) km, 7r, km (9m)
4.(rs) km, auk 1,  7r, auk 1, km.                  (vs) km  9r, km (11m)
5. -17. Rillestrikk og ingen auking.
18. (rs) km, auk 1, 9m, auk 1, km.              (vs) km, 11r, km (13m)
19.-21. Rillestrikk og ingen auking
22. (rs) km, auk 1, 11m, auk 1, km             (vs) km, 13r, km (15m)
23.-34. Rillestrikk og ingen auking
35. (rs) km, fb 1,  9r, fr 1, km                      (vs) km, 11r, km (13m)
36. (rs) km, fb 1,   7r, fr 1,km                      (vs) km, 9r, km (11m)

37. (rs) km, fb 1,  5r, fr 1, Strikk neste maske (km) rett  og ikkje snu arbeidet. (9m) Du fortsetter med å  plukke opp 2 km frå sålen og strikker dei rett  (11m). Snu arbeidet til (vs) Løft av km, og strikk 10 m vrangt tilbake, plukk opp 2 m frå sålen, og dei strikker du vrangt.(13m)



Før du strikker vidare no, skal du feste på fire markørar. Ein på km 6 på høgre side og ein på km 6 på venstre side av sålen. Og ein på km 27 på høgre side og km 27 på venstre side. (sjå fig  4) Det er på desse plassane du skal felle seinare.

1. (rs) km laus av, strikk 12 r, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei rett. (vs) km laus av, 14 vr, plukk opp 2 m  frå sålen, strikk dei vrangt. (17m)
2. (rs) km laus av, strikk 16 r, plukk opp 2 frå sålen, strikk dei rett. (vs) km laus av, 18 vr, plukk opp 2 m frå sålen , strikk dei vrangt. ( 21m)
3. (rs) km laus av, strikk 20r, plukk opp 2 frå sålen, strikk dei rett (vs) km laus av, 22 vr, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei vrangt. (25m)
4. (rs) km laus av, strikk 24 r, plukk opp 2 frå sålen, strikk dei rett (vs) km laus av, 26 vr, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei vrangt. (29m)
5. (rs) km laus av, strikk 12 r, T, 13r, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei rett (vs) km laus av, strikk 28 vrangt tilbake, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei vrangt. (31m)

6. (rs) km laus av, strikk 13 r, T, 14 r, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei rett (vs) km laus av, strikk 30 m vrangt tilbake, plukk opp 2 m frå sålen, strikk dei vrangt. (33m)
7. (rs) km laus av, strikk 14 r, T, 15 r, plukk opp 1m frå sålen, strikk den rett (vs) km laus av, strikk  31 m vrangt tilbake, plukk opp 1 m frå sålen, strikk den vrangt. (33m )
8. -10. gjenta punkt 7. (Fram til merket)
11. (rs) km laus av, 14 r, T, 15 r, plukk opp 20 m. 1 m frå kvar kantmaske. (stikk gjennom begge løkkene). Pass på at det er 20 m mellom merka.  Plukk så vidare opp 5 m frå sida og 1 maske frå oppleggskanten. Sett eit nytt merke. Dette skal  vere starten på omg vidare.

Fortsett med å plukke opp 1 m frå oppleggskanten og 5 m frå sida, og 20 m mellom dei to neste merka. Ringen skal no vere slutta J  

Strikk så rett rundt til du kjem tilbake til merket som skulle vere starten på omgangen. Heretter skal det strikkast rett rundt og fellast annankvar omg ved dei fire merka i sidene og midt oppå tøffelen  (T) slik:

Start ved merket.
1.omg  5 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 13 r, T, 12 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 5 r.
2.omg og alle andre omganger i partal fram til 12. omg, strikker du rett uten å felle.
3. omg  4 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 11 r, T, 10 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 4 r.
5. omg  3 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 9 r, T,  8 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 3 r.
7.omg  2 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 7 r, T, 6 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 2 r.
9. omg  1 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 5 r, T, 4 r, 1 fr, 20 r, 1 fb, 1 r.
11.omg 1 fr, 20 r, 1 fb, 4 r, T, 2 r, 1 fr, 20 r, 1fb.
12.omg   20 r. Fell av 9 masker. 21 r. Fortsett å strikk 20 r fram til avfellinga. Plukk opp ei maske og strikk den. (42m)

Snu arbeidet og strikk rillestrikk fram og tilbake samtidig som du aukar 1 maske i kvar start på omg. Både på retten og vrangen. Strikk slik til du har strikka ca 11 riller. Da kan du auke 2 masker i kvar start på omg. Fell av arbeidet når du har ca 14 riller. Strikke ein til J og fest trådane.

Putt så tøflene i vaskemaskina til toving. Eg har brukt 40 grader finvask. Ca ei spiseskje med grønnsåpe.
Når du har tatt tøflene ut av maskina kan du pynte dei med kva du vil. Eg har brodert krokusar på mine her.  Eg har slått i store trykknappar, og lagt litt pusseskinn i mellom for at holet ikkje skal utvide seg. Du kan selvfølgelig lage noko anna t.d  knappehol og knapp eller anna hekte.

For å unngå å skli på glatte gulv, har eg sydd på ”oko-ringar” av ekte pusseskinn.
Lykke til med OKO TØFFEL J