24. okt. 2010

Pumpkinsokk med Pumpkinhæl


Sokkane har eg strikka med stor rundpinne nr 3.
Garnet er eit herlig handfarga sokkegarn frå tuLLiBaLL. Eg har brukt dobbelt garn. Ca litt under 100 gr. Strikkefastheit 23m på 10 cm.
Sokkane passer til liten fot str 36.
Eg har ikkje teke med dei ulike strikketeknikkane som t.d korleis du legger opp, feller eller auker. Heller ikkje teknikken Magic Loop.

Pumpkin-namnet har sokken fått på grunn av fargen og at hælen liknar ein Pumpkin !



Legg opp 48 m. Strikk 2 rett og 2 vrang i ca 5 omg.

Gå over til enkelt flettemønster:
1 omg: *1 rett, kast, 1 rett, 2 vrang*. Strikk  *-* omgangen rundt.
2. -3. omg: *3 rett, 2 vrang, 3 rett, 2 vrang*. Strikk *-* omgangen rundt.
4. omg: *Løft av 1 m uten å strikke den, strikk 2 rett. Løft den lause masken over dei to rette, 2 vrang*. Strikk *-* omgangen rundt.
Gjenta flettemønsteret to ganger til.

Strikk 2 rett og 2 vrang vidare i ca 14 omg til.



Da er du klar til Pumpkinhælen : Start med å fordele 22 m til framside og 26 m til bakside. Fortsett med å strikke rettstrikk rundt. Strikk ein omgang og merk av dei to midterste maskene bak. Strikk rettstrikk vidare og auk 1 m i kvar side av desse to midtmaskene annankvar omgang til du har 10 nye masker på kvar side av midten. Altså 46 m på baksida og 22 m på framsida.


No er det tid for hælsnu på Pumpkinhælen. Og det gjer du slik:

Du har 46 m på baksida, men hælsnuen skal kun foregå over dei 26 midterste maskene og ved at du strikker fram og tilbake, rett på rettsida og vrangt på vrangsida. For kvar gong du skal snu tilbake, setter du igjen ei maske. Strikk til du har 6 m som du har satt igjen + 14 m på midten + 6 m som du har satt igjen. Strikk over alle 26 m tilslutt.  Det neste du skal gjere er å strikke rett rundt heile sokken og felle vekk desse 10 ekstra du auka ut i kvar side på Pumpkinhælen. Det gjer du ved å strikke 2 sammen på kvar side av dei 26 midtmaskene. Kvar omgang. Strikk og fell til du har 26 m på baksida og 22 m på framsida. Fordel slik at du har 24 på kvar side. Strikk rettstrikk i 20 omg.


Fell for tå ved å strikke på framsida 1 m rett og 2 m sammen. Strikk til du har igjen 3 m. Strikk 2 sammen, 1 r. Gjer det samme på baksida : 1 m rett, 2 sammen. Strikk til du har igjen 3 m. Strikk 2 sammen , 1 r. Fell til du har igjen 8-10 m. Vreng sokken og strikk sammen desse maskene eller fell av og mask igjen.


Vil du ha eit sokkepar, strikker du ein sokk til :)



Lykke til !