7. aug. 2010

Perla






Enklare kan det ikkje verte ! Skjerfet strikker du til du er lei. Kun rettstrikk med perler og drop-stitch. Garn etter eget ønske, pinnar også etter eget ønske.


Legg opp 6 m. Strikk 5 m, plasser ein markør som midtmerke, strikk 1 m. Snu. Legg opp 4 nye m strikk ut pinnen, snu. Legg opp 4 m, strikk til midtmerke, auk 1 m på begge sider av merket. Snu. Aukinga midt på gjer du annankvar pinne, men legg opp 4 m i starten på kvar pinne.


Perlene treder du inn på eit anna garnnøste (samme garn). Skift til dette nøste der du vil ha perler.


Drop-stitch maske: Mellom kvar maske du strikker, tar du to kast. Ut pinnen. Neste pinne strikker du maska men ikkje kasta, dei slepp du ned. Eg har strikka nokre pinnar med drop-stich med nøstet med perler.

Når skjerfet er stort nok, tar du ein heklekrok og hekler av maskene ved å hekle to saman og ein luftmaskeboge på fire-fem luftmasker. På den andre sida hekler du to fastmasker og fire-fem luftmasker.

Lykke til !