19. aug. 2010

Kjøkkenklut i patentstrikk



Med denne strikkemåten blir resultatet ein luftig, mjuk og elastisk klut. Den er like fin på framsida som på baksida, og den er kjekk å strikke. Her har eg brukt pinne nr 2,5 til Muskat, 100 % Egyptisk bomull Merserisert. Kluten har rillekant nede og oppe og på sidene. Legg opp 42 masker med bomullsgarn og pinnar som passer til. Strikk omlag 9 rader med rettstrikk. (4-5 riller). Gå så over til rad 1 som du strikker berre ein gang. Rad 2 gjentek du til det uendelige.
a
b
Rad1:  *Strikk 5 masker rett. Legg så garnet over venstre pinne og stikk høgre pinne inn i masken på venstre pinne som om du vil strikke vrangt. Løft desse over på høgre pinne slik som på bilde a og b . Strikk 1maske  rett *.Gjenta *-* ut pinnen. Avslutt med 5 masker rett. Snu.

Rad 2:  *Strikk 5 masker rett. Legg så garnet over venstre pinne og stikk høgre pinne inn i masken på venstre pinne som om du vil strikke vrangt. Løft desse over på høgre pinne slik som på bilde a og b . (slik som på forrige rad) Men no skal du strikke dei to neste maskene rett sammen slik som på bilde c og d. (det er "kastet" frå forrige rad +1 rett maske) * Gjenta *-* ut pinnen og avslutt med 5 masker rett. Denne rada gjentar du til ønska lengd.

c

d
Når du har strikka til ønska lengd, avslutter du med å strikke 5 masker rett. *Løft av neste maske med garnet bak, strikk sammen dei to neste.* Gjenta *-* ut pinnen og avslutt med 5 masker rett. Strikk deretter like mange riller som i starten. Fell av og fest garnendane.

Snipp, snapp, snute, så har du ein klut du kan bruke både inne og ute !! 



Lykke til !