8. mar. 2010

gunknitter`s strikka og våtfilta Babysokk


Størrelse: Ca 3-6 mnd/ 9-12mnd
Fotlengd: 10 cm13cm )
Garn: 100 % Finull eller Pt2 garn og
Pinne: 3,5mm. Rundpinne 80cm (magisk løkke)
Strikkefasthet22m =10 cm.


Her i denne oppskrifta er det ingen vrangmasker og filtinga skjer i vaskemaskinen på 40 grader finvask med grønnsåpe. Fargar og mønsterstrikk er valgfritt, alt etter behag. 


L.o. 34 m/40m. Strikk 20 p rett, fram og tilbake (10 riller/12 riller).


Du skal no strikke inn nokre pinnar med forkorta rekker for at bråtet skal bli litt høgare bak enn framme. Denne forhøginga blir midt bak på bråtet på sokken:
Strikk til det er igjen 7 m/10m, snu. Strikk til det er igjen 7m/10m, snu.
Strikk til det er igjen 10m/13m, snu. Strikk til det er igjen 10m/13m, snu.
Strikk til det er igjen 12m/16m, snu. Strikk til det er igjen 12m/16m, snu.
Strikk ut pinnen, snu. Strikk alle 34m/40m, snu. Strikk en pinne til.


Så er det over til rundstrikking:
Ta sammen arbeidet og strikk rundt ca omg/7-8 omg.
Fordel maskane på pinnen slik at splitten på bråtet er midt framme på dei 17/20 vristmaskane og at der er 17m/20m bak.

Det er over desse 17m/20m du skal strikke hælen i rillestrikk:
Strikk 17 p/20 p rett, fram og tilbake (ca 7-8 riller/10 riller).
Strikk så 10m/11m, strikk 2m sm, snu.
*Løft av 1m, strikk 5m/6m, 2m sm, snu*.  Gjenta *-* til det er 7m/8m på pinnen.
3.JPG                       6.JPG
Strikk desse 7m/8m. Pass på at du er på rettsida av arbeidet. Plukk opp og strikk 8/9 kantmasker frå hællappen. Strikk så vidare dei 17/20 vristmaskene. Plukk opp og strikk 8/9 nye kantmasker på den andre sida av hællappen.


Du skal no strikke og felle i kvar side på hælen, slik at du får 17m/20m framme og 17m/20m bak:
Strikk sammen dei 2 første av hælmaskane og dei 2 siste. Strikk rundt. Strikk omg uten felling mellom kvar omg du feller. Strikk og fell til det er 17m/20m framme og 17m/20m bak.


7.JPG                    8.JPG
Du er no ferdig med hælen og skal strikke sokken fram til tåa:
Strikk glattstrikk til det måler ca 7 cm/12 cm frå splitten av bråtet og fram til pinnen.


 skal du felle for tåa i kvar side:
Strikk 1m, 2m sm, strikk 12m/15m, 2m sm, strikk 1m, 2m smstrikk 12m/15m, strikk 2m smStrikk 2m sm, strikk 11m, 2m sm, strikk 2m sm, strikk 11m, strikk 2m smStrikk og fell slik til du har 7m/8m framme og 7m/8m bak på sokken. Desse enten masker, syr eller strikker du sammen på vrangen. Kos deg med å strikke ein sokk tilJ
9.JPG                            11.JPG
Sjølve filtinga gjer vaskemaskinen for deg. Fest trådane og putt begge sokkane i vaskemaskina på 40 grader finvask sammen med ein handduk eller to. Ha i grønsåpe i staden for pulver.


Form sokkane litt før du setter dei til tørk. Etter at dei er tørka, kan du pynte dei med nesten det du vil. Nålefilte på, brodere på, hekle på eller la dei berre vere slik dei er. Det går også an å nålefilte på sokkane før du puttar dei i maskina.


Det er svært viktig at pynten er barnesikker og at den ikkje løsner. Til større barn er det også lurt å sy på antiskli under sokken. Ullsokkar kan vere skikkelig glatte.

Lykke til !
3