Pinne nr 3. Strikkefastheit 25m/10cm.
Desse sokkane er strikka med garn av 50% alpakka og 50 % silke. Ca 15 cm lang. Eg har brukt magisk-løkke-teknikk med rundpinne 80 cm og starta med tåa. Judy Becker`s opplegg er perfekt til opplegg på tå-opp-sokkar.
Legg opp 20 m (10m på kvar pinne) Strikk glattstrikk rundt og auk totalt 4 m annankvar omg: 1 m i beg og 1 m i slutten på kvar av dei to pinnane til arbeidet har 32 m (16 +16).
Mønster:
1 omg: 2 r, 2 rsm (rett saman), 1 kast, 6 r,
2 rsm, 1 kast, 4 r (x2)
2. 4. og 6. omg strikkast rett.
3 omg: 1 r, 2 rsm, 1 kast, 6 r, 2 rsm, 1 kast,
5 r (X2)
5 omg: 2 rsm, 1 kast, 6 r, 2 rsm, 1 kast,
6 r (x2)
Omg 1.-6. gjentek du 6 ggr eller så langt som du vil ha sokken.
Vrangbord: 1 r og 1 vr i ca 10 omg.
Elastisk avfelling med kast:
Strikk 1 r. Ta eit kast, strikk 1 r til. (3 m på pinnen) Løft den første m og kastet over den siste m. Du har no 1 m på pinnen, ta eit kast og strikk 1 m. Løft den første m og kastet over den siste m. Fortsett slik. Når det er vrangmasker du skal felle bort, lager du eit kast ved å ta pinnen under/bak garnet som om du skal strikke vrangt, og er det ei rettmaske du skal felle av, tar du pinnen under/framfor garnet nå du lager kastet.
Når du har felt bort alle maskene og der står igjen 1 m, hekler du vidare ein blondekant oppå avfellinga:
*3 lm. Ta heklenåla ned i første 3.lm frå nåla og hekl 1 fm. Hopp over 2 m på avfellinga og strikk 1 sm.*
Gjenta *-* omg rundt. Klipp av garnet og fest endane.
Lukke til